onsdag 15. desember 2010

Mummi pepperkakehus!

Da har eg laga mitt første pepparkakehus og det heilt fra grunnen.Se.....





Flott?
Eg har nok masse å lære når det gjelder pepperkakehusbaking skjønte eg i går eg skulle lime huset sammen. Alt var skeivt. Så mummihuset fekk litt rar fasong, men slik skal vel pepperkakehus være :-)

Synest det var litt kjekt. MEN ei tid var eg mest frustrert. Godt eg hadde fått tips om å lime det sammen og ikkje bruke knekk. Da slapp eg brenne meg slik.

Snopet ligg berre laust på fatet i år. Tenkte dette var lettest for Thorbjørn og da skåner eg huset fra å knekke sammen :-)

Ja, så litt julebakst er det blitt. Jule kalenderen vart ikkje ferdig til 1 desember og vart lagt på hylla ei lita stund. Lyt vel ta den fram å gjøre den ferdig slik at vi får den på veggen til neste jul.

Ønsker alle mine følere god advendstid.

søndag 21. november 2010

Monsterbukse

I desember 2009 begynte eg på mi første monsterbukse etter oppskrifta til duBedåre. Eg strikka ivrig og den vart ferdig. Så har den lagt i korga mi og andre bukser har tatt form. Fredag under Beat for Beat kom det sakte, men sikkert fram eit monster på denne også. Og slik vart resultatet på.



Er utrulig stilig på. Og mønsteret fra Vera sine monsterbukse er berre topp.

Denne buksa er strikka i babyull og er derfor litt tynnare enn dei forrige eg har strikka. Var god lengde i beina.Så denne kan Thorbjørn ha ei god stund :-)

mandag 15. november 2010

Bedre seint enn aldri

Thorbjørn kjem ofte heim med våte eller skitne votter fra barnehagen. Dette etter veldig kjekk leik i sølepytter eller rett og slett heve dei i do :-)
Vi tørker dei ivrig på vedovnen. Så eg tenkte at eit par vottar til er godt å ha. Så da var det påan igjen. Fann eit nøste lysegrønt og la opp.


Denne gangen strikka eg dei i dobbel baby-ull slik at dei vart litt tjukkare. Har strikka eit langt bråt slik at dei enten kan brette det opp eller få det langt oppover armen og godt under strikket på utedressen.

Konklusjon:
Fine var dei og gode er dei.

MEN det er ikkje berre strikking eg styrer med for tida.

I Oktober/ november 2009 kjøpte eg sytøy fra Atelje Margaretha. Stor tru på at den skulle være ferdig til jula 2010.

Mitt store prosjekt for tida er nok denne julekalenderen.


1 november 2010. Enda ikkje begynt, men vips så er eg igang. Optimistisk som eg er ............

17 november:
Har nok innsett at eg begynte nok i sisteliten denne gang også. Trua på at eg rekker å bli ferdig til 1 desember minker. For dette tar tid. Kvar ledig stund etter at Thorbjørn er lagt for kvelden kjem sytøyet fram. Ja, til og med to lørdagskvelder har eg brodert for harde livet. Min mann har liten tru på at vi får hengt den opp på mange år. Men no tenker eg slik at dersom eg er flittig no så er det mindre igjen når eg igjen tar det fram igjen. For det blir vel som alt julestæsj. Lagt til side når desember er omme.

Synest no sjølv eg er komme langt, men det er masse igjen enda. Sukk....



Er nok nokon som tenker eller har tenkt underveis her at:
Nisse og HEST..??? Reinsdyr, Rudolf er eit Reinsdyr, Annette.

No hadde det seg slik at i fjor eg skulle bestille kalendar. Var den kalendaren eg helst ville ha utsolgt. Så då vart det denne. No tenker eg litt slik at Thorbjørn er i stallen til Tante Elisabeth og ser på Hester og da må jo Nissen ha ein også, eller ?

Ja, ja, da veit dere kva eg styrer med om kvelden. Bunken med halvferdige gensere og bukser ligg der enda :-)

lørdag 6. november 2010

Give Away og Candy' er

Det er mange GiweAway og Candy'er og her er nokre som eg har valgt å delta på. Håpar eg har vinner lykke!


Kariannes hobbypuslerier har denne bloggcandyen!


Pia's hobbyland har Candy.


Hilde M - Lykkelig med liten har Giwe Away av denne Bambino koppen.



Insomnia Design har også Give Away. Er spendt på kva den julepakken inneholder.

onsdag 3. november 2010

Lørdag 2 oktober 2010

Måtte berre vise dere dette flotte bilde, som vår Fotograf har lagt ut på sin blogg.



Fotograf Tone Bolstad

Dette er min mann sin Buick. Her flott pynta til bryllupet vårt.

mandag 1. november 2010

PIXIE-lue med hals

Da har Thorbjørn fått seg Pixie-lue med hals. Den var veldig lett å strikke, så det gjekk unna. Eg var jo så spendt på korleis resultatet vart då eg strikka i vei. Begynte lørdag og søndag vi skulle ut å se på hestene måtte Pixie-lua på.



Den ser litt rar ut når ein ser den slik , men den er utruleg flott på. Ja, berre vi får ha den på da. Har ein liten kar som helst ikkje vil ha lue på i det heile.
Oppskrifta har eg henta hos Tante T



Monsterbukse eller ikkje.... Det er ikkje så kjekt å stå modell for mamma. For eg vil heller gjøre det eg vil. Så da la eg meg like godt ned og protesterte litt.



Men no vil eg i Barnehagen altså. HA DET ....

onsdag 27. oktober 2010

Monsterbukse til Thorbjørn

Endelig er eg ferdig med monsterbuksa til Thorbjørn. Eg veit ikkje kor mange mnd den har lagt nesten ferdig i strikke korga mi. Ja, pinleg nesten ferdig. Berre litt svart i neseborene som har mangla.



Og her er monsteret Grrrr....



Hadde tenkt å ha seler på også, men er litt usikker på om eg skal ha det. Er vertfall kommet ganske langt på selane. Og dei blir ikkje rekt opp med det første i tilfelle eg vil montere dei på. Må tenke litt der.....



Oppskrifta på buksa og mønsteret til monsteret har eg fått/lånt/stjålet av Vera som har bloggen Ordentlige bleier. Dere må nesten inn å se den flotte drage-monster genseren ho har laga. Den likte eg veldig godt .....

mandag 25. oktober 2010

Votter til Thorbjørn

Da er kulden og snøen komt til Bergen og ein liten gutt trenger vottar. Det er ikkje alle vottar som er like greie å ha på seg for ein liten gutt som skal jobbe i sanden/snøen :)For dei vart så store og så klompete. Så vi måtte hente fram strikkavottane frå i fjor, men dei var litt i minste laget. Så torsdag da eg skulle på strikkeklubben var valget lett for kva arbeid eg skulle ha med. Eg skulle lage nye vottar til poden.

Og her er resultatet





No lurer eg på å lage Pixie-lue i samme farge etter Tante T si oppskrift. Hadde ikkje det vert fint mon tro.....

fredag 15. oktober 2010

Eg har fått meg Symaskin

No er det lenge sidan eg har vert her inne å ført noko på bloggen. Det har sin grunn for masse av mi tid har gått med til planlegging av Bryllupet vårt. Den 2 oktober gifta eg meg med Ketil i Laksevåg kirke.

Og på gavebordet sto denne.



Ei Husqvarna Emerald 183. Det er vist ei computerstyrt symaskin frå Husqvarna. Hørtes fint og avansert ut.

For ei tid tilbake såg eg på førkveld og der var det ei som sydde om gamle bukser (helst dongeri og fløyel) til barnebukser. Her er ein av bloggane hennes Lillis Vart litt inspirert av gjennbruk av kle og dukar eg.

Lurer på om eg må finne fram ein av dei svarte sekkane på loftet med mine gamle bukser i. Så kan eg prøve å lage ei ny til Thorbjørn. Bør jo prøve det nye vidunderet mitt eller ??

fredag 6. august 2010

Ulltrøyer

Da har eg endelig festa nokre tråder og Ulltrøyene til Thorbjørn er ferdige. Disse er strikka av Nøstebarn sitt silkeull garn og er veldig mjuke og gode. I følge mi niese er dei veldig varme også :-) Størrelsen er 2-4 år. Dei ser veldig lange og smale ut her, men det er god strekk i dei.



Har 2 stk ulltrøyer til under arbeid. OG det er ikkje berre dei som er halvferdige. Så no lyt eg begynne å prioritere. Ja, for elles er det for lite før det er ferdig. Det har hendt før :-)

fredag 30. juli 2010

Ole Brumm gardinene er ferdige!

I går etter at Thorbjørn var lagt, og etter ein sleivete kommentar fra Ketil. Starta eg på mitt store prosjekt: SY GARDINER. Da eg ikkje har sydd med maskin på 15-20 år, var eg overraska over kor fint det gjekk. Ja eg har aldri sydd gardiner heller. Men resultatet vart bra.



Det er ikkje det beste bilde, men noko bedre fekk eg ikkje ta med mobilen mot vinduet. Eg er mektig stolt over resultatet. Gardinene toler nok ikkje gransking av ein symaskinekspert, for sømmen kunne vert rettare. MEN eg fekk det til..Joho.

Med blå lystette rullegardiner vart det veldig bra og Thorbjørn har sovet si første natt på eige rom.

På veggen har vi denne flotte engelen som mamma har hekla. Eg fekk samme heklabilde i orange av farmor da eg var liten. Flott å ha på soverommet.

onsdag 28. juli 2010

Ole Brumm gardiner

I dag har eg vert på handel på Jysk og Kid på jakt etter gardiner til barnerommet til Thorbjørn. Da dei ikkje hadde ferdigsydde Ole Brumm gardiner, men metervare på Jysk slo eg til. Så no må eg sjølv til pers. Har no lånt svigermor si symaskin og er snart klar for sying. Ja, når det blir er usikkert og resultatet er enda meir usikkert.

Eg synest no stoffet var fint eg, og det er jo ein god begynnelse. Men det kan ikkje berre ligge slik heller :-) Så kanskje dere får se resultatet om nokre dagar.


fredag 2. juli 2010

Monsterbukser

Da er eg feridg med monsterbukse to. Er blitt inspirert av Vera som har bloggen Ordentlige bleier (http://minenterprise.blogspot.com/). Synest ho syr så flotte motiver på sine monsterbukser og da måtte eg herme litt.

Denne lilla monsterbuksa skal Amelia få i gave i dag på 1 års dagen sin.





Denne blå her fekk Joakim til sin 1 års dag i mai.



Håper dei holder dei små gode og varme når dei no skal i barnehagen i vinter.

tirsdag 29. juni 2010

Ein dinosaur har flytta inn...

I dag har eg vert på handling og var innom Toys'r'us. Eg falt pladask for denne skapningen.



Håper Thorbjørn blir like glad i den som meg :-)

torsdag 24. juni 2010

Ulltrøyer

I går var eg innom Nøstebarn på vei til Unneland og St.Hans feiring. Da kjøpte eg med meg 2 stk nøster av SilkeUll som skal bli til gode ulltrøyer til ein liten gutt.



OG slik blir det ferdige resultatet.

tirsdag 22. juni 2010

Ein genser tar form

Har funnet ein fin kattegenser hos Atelje Margaretha. Trur Thorbjørn vil bli tøff i denne og ikkje minst holde han varm i vinter.



Etter innkjøp av ullgarn har eg endelig komt i gang.



For å lage meg litt meir arbeid enn nødvendig strikka eg den på rundpinne og skal sy mønsteret på i etterkant. Så no er eg spendt på om den blir like fin som på bilde på oppskrifta.

lørdag 12. juni 2010

Ny som blogger

Hei på deg!
Da har eg tatt steget og fått meg Blogg. Har lenge vert inne på mange kjekke hobbysider og blitt inspirert. Så kanskje det er min tur til å legge ut litt om meg og kva eg driver med av små prosjekt til lille gullet.

Kanskje eg blir bitt av bassillen eg også :-)

Ha ei fin helg.

Annette