mandag 15. november 2010

Bedre seint enn aldri

Thorbjørn kjem ofte heim med våte eller skitne votter fra barnehagen. Dette etter veldig kjekk leik i sølepytter eller rett og slett heve dei i do :-)
Vi tørker dei ivrig på vedovnen. Så eg tenkte at eit par vottar til er godt å ha. Så da var det påan igjen. Fann eit nøste lysegrønt og la opp.


Denne gangen strikka eg dei i dobbel baby-ull slik at dei vart litt tjukkare. Har strikka eit langt bråt slik at dei enten kan brette det opp eller få det langt oppover armen og godt under strikket på utedressen.

Konklusjon:
Fine var dei og gode er dei.

MEN det er ikkje berre strikking eg styrer med for tida.

I Oktober/ november 2009 kjøpte eg sytøy fra Atelje Margaretha. Stor tru på at den skulle være ferdig til jula 2010.

Mitt store prosjekt for tida er nok denne julekalenderen.


1 november 2010. Enda ikkje begynt, men vips så er eg igang. Optimistisk som eg er ............

17 november:
Har nok innsett at eg begynte nok i sisteliten denne gang også. Trua på at eg rekker å bli ferdig til 1 desember minker. For dette tar tid. Kvar ledig stund etter at Thorbjørn er lagt for kvelden kjem sytøyet fram. Ja, til og med to lørdagskvelder har eg brodert for harde livet. Min mann har liten tru på at vi får hengt den opp på mange år. Men no tenker eg slik at dersom eg er flittig no så er det mindre igjen når eg igjen tar det fram igjen. For det blir vel som alt julestæsj. Lagt til side når desember er omme.

Synest no sjølv eg er komme langt, men det er masse igjen enda. Sukk....



Er nok nokon som tenker eller har tenkt underveis her at:
Nisse og HEST..??? Reinsdyr, Rudolf er eit Reinsdyr, Annette.

No hadde det seg slik at i fjor eg skulle bestille kalendar. Var den kalendaren eg helst ville ha utsolgt. Så då vart det denne. No tenker eg litt slik at Thorbjørn er i stallen til Tante Elisabeth og ser på Hester og da må jo Nissen ha ein også, eller ?

Ja, ja, da veit dere kva eg styrer med om kvelden. Bunken med halvferdige gensere og bukser ligg der enda :-)

2 kommentarer:

  1. Har du blitt ferdig no da? ;-) Fin blir den no, det er helt sikkert!

    SvarSlett
  2. Hello! Very beautiful! Please can you help me, sending this chart Christmas? crissram2009@gmail.com

    SvarSlett