fredag 7. oktober 2011

Blogg tørke

Her har det vert ein lang bloggtørke, men det vil ikkje seie at eg ikkje har gjordt noko. Har berre vert sløv med å ta og få bilder inn på nettet og med ein bluetooth som ikkje har virka når eg vil laste over bilder. Ingen god unnskyldning, for no henter eg bilder fra nettsteder likavell.

Eg har blandt anna strikka:

Timmy tid?
Denne fine genseren med sauer på.



Likner litt på Timmy. Den har vert ferdig strikka og lagt i ei korg her for montering sidan påske. No ein kveld vart den montert i full fart og sendt i barnehagen dagen etter. Dette da dei lurte på kor alle dei gode varme strikka gensarane Thorbjørn hadde i fjor var blitt av. Måtte jo da sende med ein som var passeleg.

Til Babyen!

Ventetida var dryg på slutten, så eg fekk god tid til å strikke ferdig eit ullsett til den nye verdsborgaren. Strikka da denne jakka med flette og raglanfelling. Og bukse til uten fot, men med dobbel perlestrikk. Her må eg innom å kjøpe knapper ein dag eg er ute på handletur. Så kan vi ikle vesleguten nytt sett. Strikka også 2 små søte sokker til.



Har også strikka nytt ullpledd til André. Denne gang vart det i grått slik at det var forskjell på storebror sitt teppe og babyen sitt.



Har også klart å bli ferdig med ein kvit heil dress som har lagt nesten ferdig sidan Thorbjørn kom til verda for over 2 år sidan.

Symaskina har også vert i bruk....
Har sydd sengesett i Ole Brum for lenge sidan. Samme mønster som Ole Brum gardinene. I sommar kjøpte vi hus og vi er no nyinflytta. Storebror har fått seg stort nytt rom som er blått og da måtte vi ha nye gardiner.



Så 4 stk nye gardiner med Lynet McQueen har blitt til...

No er det snart på tide å ta fram julekalendaren og det kribler litt i fingrane til å strikke ein Mariusgenser til storebror. Elles har eg slike ny-/påbegynte arbeid liggande som bør gjøres ferdig.

tirsdag 22. mars 2011

Nett shopping ....

Nett shopping det er farlige greier det. Har prøvd å bestille tøfler til poden for 1 mnd sidan, men har liksom ikkje fått noko i posten enda... Så i dag tok eg å bestilte ein gang til og da skjedde det noko. For no har eg fått bekreftelse på epost om handelen og alt er vel. Så da gleder eg meg til poden skal ha nye tøfler i barnehagen med politibil eller brannbil på. For her går det i biler.





Trur han blir fornøgd med disse eller ?

OG nett shopping det er farlige greier det. Har vert inne på 123knitt mange ganger og i dag vart det handel.

Har da shoppa 7 nøster av brun alpakka til ein genser til Thorbjørn.


Så gjekk eg laus på lammeull som skal tilsvare Nøstebarn sitt merinoull. Så her begynte eg med 2 nøster av gul lammeull


og 4 nøster av den himmelblå lammeull



og til sist 2 nøster av grå lammeull


Så da spørs det om det blir lammeull eller alpakka genser til Thorbjørn til slutt. Har vertfall masse godt garn eg kan bruke framover. Hadde veldig lyst på å kjøpe den eine lilla lammeullen også, men viste liksom ikkje kva eg skulle bruke den til. Så det får bli neste gang det.

tirsdag 22. februar 2011

Ein glad gutt og ny kattegenser!

Det var stor "sorg" i familien da vi mista den flotte og gode PIXIE-lua vår på Amfi senteret i Florø ved Nyttår. Vi leita, men fann den ikkje. Endelig tok eg meg sammen og begynte på ei ny PIXIE-lue til Gullet. Denne vart litt grå og kjedelig, men veldig tøff og ikkje minst varm.





Ein glad gutt har fått seg ny lue og er ute på tur ein søndag i kulden. Mønsteret er henta fra bloggen til Tante T

KATTEGENSER
Nokon som husker at eg la ut bilde av ein kattegenser eg skulle strikke...? Trur det var i Juni. Herre mesias kor lenge den har lagt her nesten ferdig. Så montert og delvis påsydd. Før eg i kveld tok meg sammen og sydde svarte markørsting og franske knuter.

Vart fin! Eller?







Fann desse fine katteknappane på Lagunen i haust. Så eg måtte minske knappehulla litt inn. Dei ser gule ut, men dei er altså kvite med grønn markering. Synest dei var så fine og at dei passa bra her til denne gensaren.



Og joda.... Om nokon lurte her er LUA.



Men den vart så veldig svær at eg sjølv kan bruke den. Så eg trur eg rett og slett rekker den opp igjen og satser på at det blir ei fin MONSTERbukse til Gullet til neste vinter.