fredag 30. juli 2010

Ole Brumm gardinene er ferdige!

I går etter at Thorbjørn var lagt, og etter ein sleivete kommentar fra Ketil. Starta eg på mitt store prosjekt: SY GARDINER. Da eg ikkje har sydd med maskin på 15-20 år, var eg overraska over kor fint det gjekk. Ja eg har aldri sydd gardiner heller. Men resultatet vart bra.



Det er ikkje det beste bilde, men noko bedre fekk eg ikkje ta med mobilen mot vinduet. Eg er mektig stolt over resultatet. Gardinene toler nok ikkje gransking av ein symaskinekspert, for sømmen kunne vert rettare. MEN eg fekk det til..Joho.

Med blå lystette rullegardiner vart det veldig bra og Thorbjørn har sovet si første natt på eige rom.

På veggen har vi denne flotte engelen som mamma har hekla. Eg fekk samme heklabilde i orange av farmor da eg var liten. Flott å ha på soverommet.

onsdag 28. juli 2010

Ole Brumm gardiner

I dag har eg vert på handel på Jysk og Kid på jakt etter gardiner til barnerommet til Thorbjørn. Da dei ikkje hadde ferdigsydde Ole Brumm gardiner, men metervare på Jysk slo eg til. Så no må eg sjølv til pers. Har no lånt svigermor si symaskin og er snart klar for sying. Ja, når det blir er usikkert og resultatet er enda meir usikkert.

Eg synest no stoffet var fint eg, og det er jo ein god begynnelse. Men det kan ikkje berre ligge slik heller :-) Så kanskje dere får se resultatet om nokre dagar.


fredag 2. juli 2010

Monsterbukser

Da er eg feridg med monsterbukse to. Er blitt inspirert av Vera som har bloggen Ordentlige bleier (http://minenterprise.blogspot.com/). Synest ho syr så flotte motiver på sine monsterbukser og da måtte eg herme litt.

Denne lilla monsterbuksa skal Amelia få i gave i dag på 1 års dagen sin.





Denne blå her fekk Joakim til sin 1 års dag i mai.



Håper dei holder dei små gode og varme når dei no skal i barnehagen i vinter.