tirsdag 21. august 2012

Vin HANE

Når hanen din er rund og fin, då er da fordi han er fudle tå vin.....

Ei venninne av meg vart 40 år i juni, og eg viste ikkje kva eg skulle finne på å gje ho i gave. Ein dag kom eg på at ho trengte ein VINHANE. Så da var det fram med tråd og pinner. Det vart strikka, hekla og tova. Ein tur innom polet og vips så var vinhanen klar.....



fredag 17. august 2012

Vognpose

Lenge sidan sist... men litt aktiv har eg vært i permisjonstida.

Da sommaren var komt vart det litt varmt med skinnpose i vogna. Eg og ei venninne var på Ikea tur og tok like godt turen innom på Stoff og Stil når vi først var i Åsane. Eg på jakt etter Fleece stoff og ho etter kjolestoff. Inspirert av kvarandre shoppa vi i veg.

Eg kjøpte da svart fleece og blå med pinnsvin på. Så bar det i veg heim og fram med symaskina. Eg fekk dette resultatet:



Meget fornøgd med ny vognpose til André. Denne er blitt flittig brukt i sommar. Den er like lang framme og bak slik at eg kan legge teppet godt opp rundt halsen når han søv.