søndag 21. november 2010

Monsterbukse

I desember 2009 begynte eg på mi første monsterbukse etter oppskrifta til duBedåre. Eg strikka ivrig og den vart ferdig. Så har den lagt i korga mi og andre bukser har tatt form. Fredag under Beat for Beat kom det sakte, men sikkert fram eit monster på denne også. Og slik vart resultatet på.



Er utrulig stilig på. Og mønsteret fra Vera sine monsterbukse er berre topp.

Denne buksa er strikka i babyull og er derfor litt tynnare enn dei forrige eg har strikka. Var god lengde i beina.Så denne kan Thorbjørn ha ei god stund :-)

mandag 15. november 2010

Bedre seint enn aldri

Thorbjørn kjem ofte heim med våte eller skitne votter fra barnehagen. Dette etter veldig kjekk leik i sølepytter eller rett og slett heve dei i do :-)
Vi tørker dei ivrig på vedovnen. Så eg tenkte at eit par vottar til er godt å ha. Så da var det påan igjen. Fann eit nøste lysegrønt og la opp.


Denne gangen strikka eg dei i dobbel baby-ull slik at dei vart litt tjukkare. Har strikka eit langt bråt slik at dei enten kan brette det opp eller få det langt oppover armen og godt under strikket på utedressen.

Konklusjon:
Fine var dei og gode er dei.

MEN det er ikkje berre strikking eg styrer med for tida.

I Oktober/ november 2009 kjøpte eg sytøy fra Atelje Margaretha. Stor tru på at den skulle være ferdig til jula 2010.

Mitt store prosjekt for tida er nok denne julekalenderen.


1 november 2010. Enda ikkje begynt, men vips så er eg igang. Optimistisk som eg er ............

17 november:
Har nok innsett at eg begynte nok i sisteliten denne gang også. Trua på at eg rekker å bli ferdig til 1 desember minker. For dette tar tid. Kvar ledig stund etter at Thorbjørn er lagt for kvelden kjem sytøyet fram. Ja, til og med to lørdagskvelder har eg brodert for harde livet. Min mann har liten tru på at vi får hengt den opp på mange år. Men no tenker eg slik at dersom eg er flittig no så er det mindre igjen når eg igjen tar det fram igjen. For det blir vel som alt julestæsj. Lagt til side når desember er omme.

Synest no sjølv eg er komme langt, men det er masse igjen enda. Sukk....



Er nok nokon som tenker eller har tenkt underveis her at:
Nisse og HEST..??? Reinsdyr, Rudolf er eit Reinsdyr, Annette.

No hadde det seg slik at i fjor eg skulle bestille kalendar. Var den kalendaren eg helst ville ha utsolgt. Så då vart det denne. No tenker eg litt slik at Thorbjørn er i stallen til Tante Elisabeth og ser på Hester og da må jo Nissen ha ein også, eller ?

Ja, ja, da veit dere kva eg styrer med om kvelden. Bunken med halvferdige gensere og bukser ligg der enda :-)

lørdag 6. november 2010

Give Away og Candy' er

Det er mange GiweAway og Candy'er og her er nokre som eg har valgt å delta på. Håpar eg har vinner lykke!


Kariannes hobbypuslerier har denne bloggcandyen!


Pia's hobbyland har Candy.


Hilde M - Lykkelig med liten har Giwe Away av denne Bambino koppen.



Insomnia Design har også Give Away. Er spendt på kva den julepakken inneholder.

onsdag 3. november 2010

Lørdag 2 oktober 2010

Måtte berre vise dere dette flotte bilde, som vår Fotograf har lagt ut på sin blogg.



Fotograf Tone Bolstad

Dette er min mann sin Buick. Her flott pynta til bryllupet vårt.

mandag 1. november 2010

PIXIE-lue med hals

Da har Thorbjørn fått seg Pixie-lue med hals. Den var veldig lett å strikke, så det gjekk unna. Eg var jo så spendt på korleis resultatet vart då eg strikka i vei. Begynte lørdag og søndag vi skulle ut å se på hestene måtte Pixie-lua på.



Den ser litt rar ut når ein ser den slik , men den er utruleg flott på. Ja, berre vi får ha den på da. Har ein liten kar som helst ikkje vil ha lue på i det heile.
Oppskrifta har eg henta hos Tante T



Monsterbukse eller ikkje.... Det er ikkje så kjekt å stå modell for mamma. For eg vil heller gjøre det eg vil. Så da la eg meg like godt ned og protesterte litt.



Men no vil eg i Barnehagen altså. HA DET ....