fredag 7. oktober 2011

Blogg tørke

Her har det vert ein lang bloggtørke, men det vil ikkje seie at eg ikkje har gjordt noko. Har berre vert sløv med å ta og få bilder inn på nettet og med ein bluetooth som ikkje har virka når eg vil laste over bilder. Ingen god unnskyldning, for no henter eg bilder fra nettsteder likavell.

Eg har blandt anna strikka:

Timmy tid?
Denne fine genseren med sauer på.



Likner litt på Timmy. Den har vert ferdig strikka og lagt i ei korg her for montering sidan påske. No ein kveld vart den montert i full fart og sendt i barnehagen dagen etter. Dette da dei lurte på kor alle dei gode varme strikka gensarane Thorbjørn hadde i fjor var blitt av. Måtte jo da sende med ein som var passeleg.

Til Babyen!

Ventetida var dryg på slutten, så eg fekk god tid til å strikke ferdig eit ullsett til den nye verdsborgaren. Strikka da denne jakka med flette og raglanfelling. Og bukse til uten fot, men med dobbel perlestrikk. Her må eg innom å kjøpe knapper ein dag eg er ute på handletur. Så kan vi ikle vesleguten nytt sett. Strikka også 2 små søte sokker til.



Har også strikka nytt ullpledd til André. Denne gang vart det i grått slik at det var forskjell på storebror sitt teppe og babyen sitt.



Har også klart å bli ferdig med ein kvit heil dress som har lagt nesten ferdig sidan Thorbjørn kom til verda for over 2 år sidan.

Symaskina har også vert i bruk....
Har sydd sengesett i Ole Brum for lenge sidan. Samme mønster som Ole Brum gardinene. I sommar kjøpte vi hus og vi er no nyinflytta. Storebror har fått seg stort nytt rom som er blått og da måtte vi ha nye gardiner.



Så 4 stk nye gardiner med Lynet McQueen har blitt til...

No er det snart på tide å ta fram julekalendaren og det kribler litt i fingrane til å strikke ein Mariusgenser til storebror. Elles har eg slike ny-/påbegynte arbeid liggande som bør gjøres ferdig.