tirsdag 22. februar 2011

Ein glad gutt og ny kattegenser!

Det var stor "sorg" i familien da vi mista den flotte og gode PIXIE-lua vår på Amfi senteret i Florø ved Nyttår. Vi leita, men fann den ikkje. Endelig tok eg meg sammen og begynte på ei ny PIXIE-lue til Gullet. Denne vart litt grå og kjedelig, men veldig tøff og ikkje minst varm.





Ein glad gutt har fått seg ny lue og er ute på tur ein søndag i kulden. Mønsteret er henta fra bloggen til Tante T

KATTEGENSER
Nokon som husker at eg la ut bilde av ein kattegenser eg skulle strikke...? Trur det var i Juni. Herre mesias kor lenge den har lagt her nesten ferdig. Så montert og delvis påsydd. Før eg i kveld tok meg sammen og sydde svarte markørsting og franske knuter.

Vart fin! Eller?







Fann desse fine katteknappane på Lagunen i haust. Så eg måtte minske knappehulla litt inn. Dei ser gule ut, men dei er altså kvite med grønn markering. Synest dei var så fine og at dei passa bra her til denne gensaren.



Og joda.... Om nokon lurte her er LUA.



Men den vart så veldig svær at eg sjølv kan bruke den. Så eg trur eg rett og slett rekker den opp igjen og satser på at det blir ei fin MONSTERbukse til Gullet til neste vinter.

1 kommentar: