Eg har blandt anna strikka:
Timmy tid?
Denne fine genseren med sauer på.

Likner litt på Timmy. Den har vert ferdig strikka og lagt i ei korg her for montering sidan påske. No ein kveld vart den montert i full fart og sendt i barnehagen dagen etter. Dette da dei lurte på kor alle dei gode varme strikka gensarane Thorbjørn hadde i fjor var blitt av. Måtte jo da sende med ein som var passeleg.
Til Babyen!
Ventetida var dryg på slutten, så eg fekk god tid til å strikke ferdig eit ullsett til den nye verdsborgaren. Strikka da denne jakka med flette og raglanfelling. Og bukse til uten fot, men med dobbel perlestrikk. Her må eg innom å kjøpe knapper ein dag eg er ute på handletur. Så kan vi ikle vesleguten nytt sett. Strikka også 2 små søte sokker til.

Har også strikka nytt ullpledd til André. Denne gang vart det i grått slik at det var forskjell på storebror sitt teppe og babyen sitt.

Har også klart å bli ferdig med ein kvit heil dress som har lagt nesten ferdig sidan Thorbjørn kom til verda for over 2 år sidan.
Symaskina har også vert i bruk....
Har sydd sengesett i Ole Brum for lenge sidan. Samme mønster som Ole Brum gardinene. I sommar kjøpte vi hus og vi er no nyinflytta. Storebror har fått seg stort nytt rom som er blått og da måtte vi ha nye gardiner.

Så 4 stk nye gardiner med Lynet McQueen har blitt til...
No er det snart på tide å ta fram julekalendaren og det kribler litt i fingrane til å strikke ein Mariusgenser til storebror. Elles har eg slike ny-/påbegynte arbeid liggande som bør gjøres ferdig.